Hopp til hovedmenyen på siden Hopp til hovedinnholdet på siden

Opent brev til NTF om TOO

-

Er TOO så trøblete som NTF skal ha det til?

Tannlegeforeininga skriv i sin kommentar til statsbudsjettet for 2024 eit avsnitt om TOO, eller rettare sagt det trøblete TOO. Er TOO så trøblete som NTF skal ha det til? Evalueringa til PwC av TOO-ordninga i 2021 konkluderte med at TOO-tilbodet er eit viktig tilbod og eit nybrotsarbeid til inspirasjon for andre helsetenester. Det kan vere greitt å ha i mente ved forslag om nye tilbod for tannbehandlingsangst. 

TOO – noko anna enn tilbod til pasientar med lettare tannbehandlingsangst

NTF føreslår å la pasientar med lettare tannbehandlingsangst gå direkte til tannlegar med TOO-kompetanse og skriv at vurdering hos psykolog før tannbehandling er blitt ein hemsko for ordninga. Dette meiner den nasjonale koordineringsgruppa for TOO er ei svært uheldig formulering og gir eit uriktig bilete både om kva TOO-tilbodet er og kva psykologane si rolle i tilbodet er.

I Helsedirektoratet sin rapport om endringar i TOO-tilbodet etter evalueringa ligg det forslag om å avgrense inklusjonskriteria mellom anna med at det skal vere ein føresetnad å ha vesentlege vanskar med å ta i mot tannbehandling på grunn av angst i tannbehandlingssituasjonen for å bli inkludert i TOO. Pasientar med lettare tannbehandlingsangst er ikkje i målgruppa for TOO. Det er kjempefint at dei kan gå til offentlege og private tannlegar som har god kompetanse i å møte og behandle redde pasientar. TOO-tilbodet er noko anna. Det er eit avansert tverrfagleg tilbod som involverer fleire behandlarar med særskilt kompetanse.  

Psykologen i TOO

Ei obligatorisk undersøking/vurdering hos psykolog før tannbehandling er ikkje ein hemsko for TOO-ordninga. Psykologen er ansvarleg for å undersøke pasienten sine rettar og vurdere om pasienten fell inn i målgruppa for tilbodet, kan ta i mot og ha nytte av behandlinga i TOO-tilbodet. Mykje av styrken i TOO-tilbodet ligg nettopp i det tverrfaglege.  

NTF skriv at dei erfarer at det er mangelen på psykologar som no er flaskehalsen for ordninga. Dette samsvarer ikkje med det nasjonal koordineringsgruppe for TOO har kjennskap til. Rekruttering og stabilisering av helsepersonell er eit generelt problem for tannhelsetenesta, særleg i distrikta, uavhengig om det gjeld psykolog eller tannhelsepersonell. Koordineringsgruppa opplever at TOO blir sett på som ei spennande arbeidsområde for alle yrkesgruppene i tverrfagleg team. I ei nasjonal undersøking (sept. 2023) blant medarbeidarar i TOO oppgir 95 % at dei opplever arbeidet meiningsfullt og svært meiningsfullt. Godt over halvparten (58 %) har mindre stillingar i TOO (20 % og 40 % stillingar), men også mange (57 %) seier dei ønsker større stilling i TOO. Det er ikkje vanskelegare å rekruttere psykologar til tilbodet enn andre yrkesgrupper. Tidlegare har det vore mange små stillingar i TOO og det har vore vanskeleg å rekruttere psykologar til deltidsstillingar. No blir det i langt større grad lagt opp til større stillingar og heile stillingar. 

Kvifor er det utfordrande å bygge ut TOO tilstrekkeleg?

Koordineringsgruppa opplever at utfordringane med å bygge ut TOO-tilbodet tilstrekkeleg har mange fasettar, men at hovudutfordringa per dags dato er avgrensingar i tilskotsregelverket. Det er ikkje høve til å bruke tilskotsmidlar til utbygging, investering, husleige og innkjøp av utstyr. Tilskotsregelverket set også grenser for lønnsnivå for personell i ordninga, då statleg lønsmal er forventa fylgt. Desse punkta er også trekt fram i PwC si evaluering. Hindringar i tilskotsregelverket gjer at midlane tildelt ordninga etter budsjettvedtak i Stortinget ikkje kan nyttast fullt ut til å dekke det som trengst for å utvide og drifte tilbodet. Så lenge den offentlege tannhelsetenesta sjølv må finne midlar for investering, utstyr, husleige osv., så lukkast ein diverre ikkje med å bygge ut tilstrekkeleg, trass i midlane som har vore tildelt ordninga.

Uføreseieleg finansiering

Koordineringsgruppa støttar president Olsen-Bergem i at kuttforslaget i statsbudsjettet på TOO viser kor utfordrande det er med ei lite føreseieleg finansiering. Med unntak av dei to siste åra så har TOO-ordninga vore underfinansiert. Dei siste to åra har også den offentlege tannhelsetenesta fått utvida grupper med 21-24 åringar som det også er forventa at den offentlege tenesta omgåande skulle gi eit tilbod til. 

Ikkje eit trøblete TOO

Koordineringsgruppa meiner at TOO ordninga ikkje er trøblete, men er eit viktig tilbod til pasientar som verkeleg treng det. Det er uheldig at NTF omtaler TOO i slik. Arbeidet med utvikling av TOO har vore, og er framleis, eit viktig pionerarbeid for tannhelsetenesta. Her er det bygd opp ei teneste til det beste for pasientar og faget. Dette bør også NTF ta innover seg.

Koordineringsgruppa ønsker at Tannhelseutvalet tar både evalueringsrapporten frå PwC og rapporten til Helsedirektoratet med forslaga til endringar i TOO-ordninga med seg i sine tilrådingar om lovverk, organisering og finansiering av tannhelseteneste, TOO-ordninga inkludert.  

 

Tekst: Koordineringsgruppen TOO